Grasrotandelen
Vil du støtte Valldal idrettslag gjennom Grasrotandelen i Norsk Tipping?
I 2019 fekk Valldal idrettslag i om lag kr 90.900 frå 113 personar i Grasrotandelen. Dette var ein stor auke frå 2018. Klarer vi å auke dette i 2020?
Dersom du vel Valldal idrettslag som grasrotmottakar vil laget få tildelt midlar kvar gong du spelar. Ver merksam på følgjande:
- Lotto, Viking Lotto, Joker, Oddsen, Tipping og Keno:
Valldal idrettslag vil motta 5 prosent av alt du spelar for.
- For Multix-spel går halvparten av overskotet til Grasrotandelen. Dette betyr at Grasrotandelen vert dagleg berekna ut ifra skilnaden mellom innsats og gevinst, og vert fordelt til spillarane sine grasrotmottakarar.
- Grasrotandelen går ikkje ut over din innsats eller eventuelle premie.
- Din tilknytning gjeld fram til du endrar mottakar eller slettar denne. Du kan byte din grasrotmottaker når som helst og så ofte du måtte ønskje.
- For enkelt å knyte deg til Valldal idrettslag som grasrotmottaker må du bruke organisasjonsnummer 975 421 937 eller søkje fram Valldal idrettslag.
Internett
Du må logge deg inn med spelekortet ditt . Så søkjer du opp Valldal idrettslag og knyter dette til deg til.
Hos kommisjonær
• Oppgje Valldal idrettslag sitt organisasjonsnummer 975 421 937 og kommisjonæren tastar inn dette
• Alternativt kan kommisjonæren søkje fram Valldal idrettslag på terminalen
Mobiltelefon
SMS: send GRASROTANDELEN 975 421 937 til 2020 (tjenesten er gratis)
Norsk Tipping Mobilspill
Du kan knyte deg til via mobilapplikasjon på mobiltelefon din. Denne kan lastes ned ved å skrive kodeord SPILL til 1960. Du må ha versjon 1.7 eller nyare for å få denne til å fungere. Har du ein eldre versjon, må du oppdatere denne ved å sende Spill til 1960 på nytt.
Norsk tipping Spillterminal
Du kan også knyte deg til ved Norsk Tipping Spillterminal. Set inn ditt spelarkort, oppgi PIN-kode og følj instruksjonane på skjermen.
Her kan du sjå kor mange som støttar Valldal idrettslag og kor mykje dette utgjer: