vi kan – vi VIL

 

 

Friidrettscup 2019

Datoane for årets friidrettscup er klare.
Det blir tre cupar i Valldal, to i Liabygda og Storfjordstemnet i Eidsdal som inngår i cupen. Premie til dei som deltek på tre cupar, der ein må vere på bortebane.  Plakat 2019

 

 

NM motbakkeløp – Mefjellet Opp 2019

Det vart eit svært vellykka NM motbakkeløp – Mefjellet opp  laurdag 22. juni. Sjå resultat frå Mefjellet opp

Sjå også Mefjellet Opp si heimeside. Her er også resultat frå NM motbakkeløp 2019

Norddalstafetten

Norddalstafetten vart arrangert på Valldal stadion med heile 17 deltakande lag torsdag 31. august.
Her er resultata. Norddalstafetten-Resultat 2017

Friidrettscup

Friidrettscupen startar opp på Valldal stadion 23. mai kl. 18. Dei to neste cupane på heimebane blir 22. juni og 14. september.
Her er oversikta over alle cupane i 2017: Plakat 2017

Valldal-Liabygda cup og Storfjordstemne i friidrett

Sjå vedlagt innbyding til stemnet på søndag. Storfjordstemnet 2016
Her er resultata frå dei to arrangementa: Resultat-Storfjordstemne-280816 Friidrettscup-250816
NB! Siste friidrettscupen i Liabygda er utsett frå 8. til 15. september.

Friidrettscupen 2016

Friidrettssesongen er i gang og den lokale friidrettscupen startar opp torsdag 26. mai på Valldal stadion.
I år blir det cup kvar torsdag fram til sommarferien, og to torsdagar i august/september. Storfjordstemnet blir også i år i Eidsdal siste søndagen i august.
Sjå vedlagt plakat og i kalenderen for kvar dei ulike cupane skal vere. Plakat 2016
Heile 63 deltakarar på første cupen er rekord. Friidrettscup1-260516

Jordbærdilten resultatarkiv

Resultat 2003 Resultat 2004 Resultat 2005  Resultat 2006 Resultat 2007 Resultat 2008

Resultat 2009 Resultat 2010Jordbærdilten-2011-resultatJordbærdilten2012-resultatJordbærdilten-2013-resultatResultat-2014

Årets siste friidrettscup

Tysdag 16. september vart den siste friidrettscupen i 2014 halde på Valldal stadion med heile 51 deltakarar.  Etter cupen vart det avslutning med premie til alle som har deltatt på tre cupar eller fleire, der minst ein må vere på bortebane. 48 deltakarar fekk premie samanlagt og det er langt over det som har vore vanleg tidlegare.  Resultata finn du her: Friidrettscup-160914

Skåla opp og Knarvikmila

Valldal IL har på ettersommaren vore representert ved fleire nasjonale løp i friidrett. Iver Matias Linge Glomnes deltok 16. august i Noregs største motbakkeløp Skåla Opp. Han vann klassa 18-19 år og fekk også ekstra premie som beste herreløpar under 20 år.

Helga 6.-7. september deltok Iver Matias saman med brødrene Kornelius, Eskil og Laurits i ulike løp under Knarvikmila ved Bergen og som er det største løpsarrangementet utanom Oslo. Iver Matias vart nr 6 på 10 km medan Kornelius kom inn til 8. plassen på 5 km. Begge desse distansane hadde ca 1.000 deltakarar. Eskil og Laurits deltok i ungdoms- og barneløpet og også dei gjorde ein flott innsats.

skåla opp
Kornelius GlomnesIver Matias Glomnes på toppen av Skåla  Kornelius Glomnes spurtar i Knarvikmila

Storfjordstemne i friidrett søndag 31. august kl. 16.00 i Eidsdal.

Søndag 31. august vert det friidrettstemne Eidsdal. Då håpar vi på god deltaking.Her er innbydinga.
Storfjordstemnet 2014   Her er resultatlista med 52 deltakarar: Resultat-Storfjordstemne-310814

Norddalsstafetten fredag 22. august.

Årets Norddalsstafett vart arrangert på Valldal stadion fredag 22. august kl. 18.30. Heile 16 lag deltok.
Her er resultata.  Norddalstafetten 2014 Resultat

Friidrettscup 25. september

Årets siste Valldal Liabygda-cup i friidrett blir på Valldal stadion onsdag 25. september kl 1800. Etterpå blir det avslutning med premieutdeling for alle som har delteke i minst tre cupar (der minst ein av dei må vere i Liabygda eller i Stordal). Vel møtt! Dette blir siste sjanse til å delta i ein cup i 2013. Friidrettscup-250913

Mefjellet opp

Søndag 21. juli vart det 7. offisielle Mefjellet opp gjennomført med i alt 195 deltakarar.  Sjå meir på  heimesida og på KONDIS sine nettsider.

Friidrettscup 5. juni

Årets første Valldal/Liabygda cup vart arrangert på Valldal stadion onsdag 5. juni.  Her er resultata.Friidrettscup-050613 NB! Neste friidrettscup i Liabygda er utsett ei veke til onsdag 26. juni.

Friidrettscup

Friidrettsesongen er igang og styret i friidrettsgruppene til Liabygda og Valldal har sett opp datoar for friidrettscup med sju datoar frå mai til september. Det blir cup på onsdagar kl. 18.00 + ein søndag i Stordal. I tillegg er det tilbod om felles trening i Liabygda dei onsdagane det ikkje er cup. Dette gjeld aldersgruppa frå 10 år og oppover.

For dei under 10 år er det tilbod om trening på skuleplassen onsdag kl. 16.15-17.00 (dei onsdagane det ikkje er cup). Dette er same tidspunkt som idrettskulen har hatt tidlegare.
Sjå plakat/oversikt over cupane og friidrettskalender.

Friidrett

Storfjordstemnet i friidrett vart arrangert på Kirkebø stadion søndag 19. august kl 16.00. I alt 45 deltakarar  stillte til start i klasser frå 4-15 år og deltok i løp, hopp og kast. Det var deltaking frå Stordal, Liabygda, Valldal og Stranda.  Sjå Resultat Storfjordstemnet friidrett

Søndag 26. august kl 16.oo er det klart for Norddalstafetten. Arrargør er Eidsdal IL. Klasser for barn, senior og veteran. Kontaktperson i Valldal er Magne Eivind Glomnes.

Mefjellet opp

Mefjellet opp 2012 er historie. Ialt 133 deltakarar tok seg til toppen av Mefjellet. Den aller raskaste var Tomas Bereket, Larvik Turn, med tida 45,06 i herreklassa og Merete Weng, IL BUL, 54,19 i dameklassa. Sjå elles www.mefjelletopp.no

————————

Sesongen 2012

Det vil vil vere tilbod om trening og aktivitet gjennom sesongen 2012. Dette vil vere eit samarbeid mellom Stordal, Liabygda og Valldal. Oversikt om stad og tid ligg  Friidrettskalender 2012

—————————————————

Norgescup – NECONcup –  motbakkeløp 2012           Mefjellet opp

Valldal IL er tildelt 5.  løpet i Norgescupen i motbakkeløp –   NECON-cup –  i 2012. Dette  vert lagt til Mefjellet opp søndag 22. juli. Det er i alt 6 løp i tillegg til NM i motbakkeløp som inngår i cupen. Sjå også Motbakkecup 2012.

I løpet av sommaren vert det arrangert omlag 150 løp i Noreg som vert definert som motbakkeløp og det er mange som er interessert i få lagt løpet inn i Norgescupen. Mefjellet opp er altså tildelt eit slikt løp og det må ein sjå på som ein anerkjennelse både av området der løpet går og sjølve arrangementet. Det er ikkje av dei største i landet med omsyn til deltaking men det har fått mange positive tilbakemeldingar.

Valldal IL søkte også om  NM i motbakkløp  i 2013. Styret i Norges Friidrettsforbund har tildelt dette mesterskapet til Storehesten Opp i Gaular i Sogn og Fjordane. Så vi må fortsatt vente på å få arrangere det første offisielle NM ….

Vinnar av kvinneklassa 2011, May Britt Buer, Gular IL, på veg mot målVinnar av kvinneklassa i Mefjellet opp 2011, May Britt Buer, Gular IL, har nådd toppen av Mefjellet

 

Løypa