2015
Årsmøte Valldal IL
Årsmøtet vart gjennomført på Klubbhuset 4. mars kl 19.00. 12 medlemmar var til stades. Møtet vart greitt gjennomført på vel 3 timar. Årmelding og rekneskap vitnar om stor aktivitet, spesielt i gruppene. Anders Rem hadde ansvaret for eit herleg måltid i løpet av årsmøtet.
Andre saker som vart handsama:
- uendra medlemskontigent i 2016
- det er inga endring i organisering av laget i 2015. Valldal IL vert ikkje meldt inn eller ut av særforbund dette året
- planane for rehabilitering av Idavollen vert endra til 11-ar bane. Lysanlegg skal oppgraderast. Kostnadsramme og finansering godkjent
Viser elles til dokument frå årsmøtet –
Årsmelding 2014 Rekneskap VIL 2014 Rekneskap-balanse VIL 2014 Revisjonsmelding 2014Val ga følgjande resultat:
- Leiar: Einar Hoel 2015
- Nestleiar: Anders Rem 2015
- Styremedlem: Trond Håvoll 2015-16
- Styremedlem: Liv Marit Indreeide 2015
- Styremedlem: Kristin Gilje Sandnes 2014-15 (ikkje på val)
- Leiar-friidrett: Magne Eivind Glomnes 2015
- Leiar-fotball: Richard Moen 2015
- Leiar-langrenn: Kristi Linge Stakkestad 2015
- Leiar-trim: Kjersti Magnussen 2015
- 1. varamedlem: Inge Sunde 2015
- 2. varamedlem: Torkjell Bjørstad 2015
- Revisor: Kåre Erstad 2015
- Revisor: Olav Løvoll 2015
- Utsendting til årsmøtet i Norddal Idrettsråd , Anders Rem og Liv Hanne Svensvik
Årsmøte Valldal IL
Onsdag 4. mars kl 19.00 på Klubbhuset
Årsmøte Valldal Idrettslag sakliste 2015