2014
Ekstraordinært årsmøte
Årsmøtet 4.12.14 hadde god oppslutning og det vart vedteke å kjøpe ny trakkemaskin. Sjå protokoll frå ekstraordinært årsmøte Referat ekstraordinært årsmøte VIL 4 12 14
Innkalling ekstraordinært årsmøte
Styret i Valldal IL har vedteke å kalle inn til ekstraordinært årsmøte torsdag 4. desember kl 20.00 på Klubbhuset
Sakliste: 1.Godkjenning av innkalling og sakliste 2.Val av ordstyrar 3.Val av skrivar 4.Val av 2 personar til å skrive under protokoll 5. Trakkemaskin a) Sal av noverande trakkemaskin b) Kjøp av ny trakkemaskin c) Finansiering inkl låneopptakStyret si innstilling i Sak 4 på ekstraordinært årsmøte
Årsmøte Valldal IL
Årsmøtet vart gjennomført på Klubbhuset 26. februar kl 19.00. Omlag 15 medlemmar var til stades. Møtet vart greitt gjennomført på vel 3 timar. Årmelding og rekneskap vitnar om ganske stor aktivitet, spesielt i gruppene. Budsjett og arbeidsplan er retningsgjevande for arbeid i komande år.
Andre saker som vart handsama:
- uendra medlemskontigent i 2015
- Valldal IL langrenn endrar namn til Valldal IL ski
- fresbeegolf vert ny aktivitet, for 2014 lagt til trimgruppa med Richard Moen som ansvarleg
- Idavollen vert rehabilitert med kunstgras, 5-ar og 7-ar bane. Lysanlegg skal oppgraderast
- Det skal arbeidast vidare med å skaffe ny trakkemaskin. Eiga nemnd skal legge fram forslag til maskin og finansiering.
Viser elles til dokument frå årsmøtet –
- Årsmelding 2013
- Rekneskap Fotball 2013
- Rekneskap Friidrett 2013
- Rekneskap Langrenn 2013
- Rekneskap Trim 2013
- Budsjett Hovedstyret 2014
- Rekneskap VIL 2013
- Balanse 2013
Val ga følgjande resultat:
- Leiar: Einar Hoel 2014
- Nestleiar: Anders Rem 2013-14 (ikkje på val)
- Kasserar: Trond Håvoll 2013-14 (ikkje på val)
- Skrivar: Karianne Vestre Døving 2013-14 (ikkje på val)
- Styremedlem: Kristin Gilje Sandnes 2014-15
- Leiar-friidrett: Magne Eivind Glomnes 2014
- Leiar-fotball: Ellisiv Valdal 2014
- Leiar-langrenn: Kristi Linge Stakkestad 2014
- Leiar-trim: Kjersti Magnussen 2014
- 1. varamedlem: Inge Sunde 2014
- 2. varamedlem: Torkjell Bjørstad 2014
Årsmøte
Det vert gjennomført årsmøter i Valldal Idrettslag etter følgjande oppsett
Trimgruppa Søndag 9. februar kl 19.00 Fotball Måndag 17. februar kl 19.00 Langrenn Tysdag 18. februar kl 19.30 Friidrett Onsdag 19. februar kl 19.00 Valldal IL Onsdag 26. februar kl 19.00