vi kan – vi VIL

Birkebeinerrennet

Valldal stillte med heile 15 deltkarar ved årets Birkebeinarrenn. I tillegg var også nokre utflytta valldalingar på startstreken.

Forholda under årets renn var gode, og med ulike variantar av universalklister og kanskje litt raudt under skiene fungerte det greitt. Mange sette «pers»  og andre milepelar vart også nådd. Ivar Normann Heggen fullførte sitt tiande renn, medan Pål Morten Krågebakk klarte merket for tiande gong og kunne dermed hente sølvstatuetten. Fire debutantar stod på start, og mest imponerte 16 år gamle Iver Matias Linge Glomnes med tida 3.12.09. Raskaste valldaling var Askel Indreeide på 3.10.02. Sjå resultat for Valldal IL og skriv inn VALLDAL i klubbfeltet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Optimistiske valldalingar før start.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hektisk smørjeaktivitet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Rune Grønning og Geir Arne Myren Hoel gjekk sitt første Birkebeinarrenn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anne Kristin Hoel, einaste dame frå Valldal IL, gjekk på 4.15,57

 

 

 

 

 

 

 

 

Og så gjekk ferda mot Lillehammer…..