vi kan – vi VIL

Sesongen 2014 gjekk over all forventning. Vi gjennomførte 24 stk Vekas runde med eit snitt på over 8 per runde. På det meste var vi 18 stk som kasta. Det har vore 45 innom Vekas runde denne sesongen og det blei trekt ut tre heldige vinnarar. Irene Rødal, Matias Myklebust Sunde og Ole Sander Ytterli fekk kvar sin disk, signert tidlegare europamester Espen Møkkelgjerd.

Vi gjennomførte også det første klubbmesterskapet i frisbeegolf denne hausten med desse resultata. Desverre tok veret Jemtegård Open og dette blei difor avlyst.

Banen blei flittig brukt gjennom sesongen og langt over 100 personar har prøvd banen. Til og med bedrifter var innom og fekk aktivisert seg.

Vi kom også i Storfjordnytt. Det kan du lese på http://www.storfjordnytt.no/nyhende_2014/22_frees.html