vi kan – vi VIL

Sesongen er allereie i gang og mange har kasta både ein, to og tre rundar. Fleire har sett nye personlege rekordar både på 12 hol og 18 hol. Det har vore resultat heilt opp mot banerekorden (som er – 12) og det blei sett ny rekord på årets første Vekas runde med – 8. Kan ikkje seie anna enn at vi er godt i gang 🙂

Vekas runde kjem til å gå kvar fredag heilt fram til og med 25. september. Vi kjem til å prøve oss på dette programmet denne sesongen:

Dag Dato Kva Type arrangement
Laurdag 02.mai Vårslepp 2015 Open turnering
Søndag 07.jun Disksportens Dag Frisbeeleik og instruksjon
Tysdag 23.jun Sankthans Kveldsturnering
Laurdag 08.aug Jemtegård Open Open turnering
Søndag 27.sep Valldalsmesterkapet Klubbmesterskap

I tillegg kan det bli «på sparket» – konkurranser som pargolf og to-disk i ulike variantar.