vi kan – vi VIL

Sesongen 2019

Her er ei oversikt for det som skjer sesongen 2019:

På vinteren disponerer vi ein sal i idrettshallen på Martin Linge-huset måndagar kl. 18-20 for puttetrening. Du er hjarteleg velkommen til å trene med oss. Vi ynskjer at du er medlem i Valldal IL, noko som gjer at vi får trene gratis. PS! Påbode med innesko!

På sommaren har vi Vekas runde som går fast på fredagar kl.18.00 (april-september), med oppmøte litt før for inndeling av grupper og oppvarming. I tillegg trenar vi fast mandagar (kl. 18) ut på Jemtegård og kallar det «Opa bane». Dette er tenkt spesielt for dei som ikkje har prøvd dette før og/eller ynskjer å lære teknikkar. Vi vil så langt det går ha ei «trenarliste» der vi har ein ansvarleg(erfaren kastar) som kan hjelpe nye med teknikktrening, val av type diskar, taktikk m.m.

Viktige datoar på Jemtegård Diskgolfbane sesongen 2019:

  • Fredag 5. april: Oppstart Vekas runde
  • Laurdag 11. mai: Vårslepp
  • Laurdag 10. august: Jemtegård Open
  • Fredag 27. september: Siste Vekas runde
  • Søndag 29. september: Klubbmeisterskap

Andre aktuelle datoar:

  • Laurdag 4. – søndag 5. mai: Norgescup nr.1 (NC) på Øverås (Vestnes)
  • Laurdag 25. – søndag 26. mai: NC2 Flaktveit (Bergen)
  • Fredag 7. – søndag 9. juni: EuroTour Sula Open (Langevåg)
  • Laurdag 15. – søndag 16. juni: NC3 Åre (Gøteborg)
  • Laurdag 6. – søndag 7. juli: NC4 Sandnes
  • Laurdag 24. – søndag 25. aug.: NM Krokhol (Oslo)
  • Laurdag 7. – søndag 8. sept.: NC5 Trondheim
  • Laurdag 21. – søndag 22. sept.: NM pargolf

Fleire aktuelle der dato kjem seinare:

  • Måløyraidet
  • PCS Open (Øverås)
  • Volda Open