vi kan – vi VIL

Jemtegård diskgolfbane

Jemtegård diskgolfbane er ein variert 18-hols bane med både opent område og skog, venstresvingar og høgresvingar, korte og lange. Det er lett å finne fram, sjølv utan kart, då retninga til neste korg er markert med raude treskilt. I august 2018 fekk banen nokre nye hol og enkelte endringar her og der. Vi hadde då endeleg ein 18-hols bane med 18 individuelle korgar. Den passar for både nybegynnarar og erfarne. Dei fleste utkasta har kunstgras, men i variert lengde foreløpig. Banen har par 58 med ein gjennomsnittslengde på 78,4 m.

Banekart, holkart og skårkort finn du her:

Mange brukar Metrix (DiscGolfMetrix) til å føre skår og Jemtegård Diskgolfbane ligg sjølvsagt her. Du kan også finne oversikt over historikk for banen og til og med andre baner i nærleiken.

 

Banerekordar

 

Oversikt over Ace på banen

Hol Distanse Spelar Dato
1 55 m Richard Moen 26.06.2014
2 77 m Runar Engeseth Andersen 12.04.2016
3 119 m
4 132 m
5 64 m Runar Engeseth Andersen 08.10.2017
6 84 m Eirik Lødøen 06.05.2017
7 125 m
8 55 m
9 71 m
10 69 m
11 69 m Eirik Lødøen 30.04.2015
12 93 m
13 117 m
14 53 m Eirik Lødøen 01.05.2015
15 61 m Runar Engeseth Andersen 10.07.2019
16 72 m Tore Bjørnstad 07.05.2016
17 32 m Jan Tore Jemtegård 09.04.2016
18 64 m Eirik Lødøen 23.05.2017