vi kan – vi VIL

Vårslepp 2015

Vårslepp 2015 blei ein stor suksess med 23 personar som fullførte 2 x 12 hol. I skiftande vær var det mange gode kast og godt humør å sjå blant deltakarane. Det kom også fem frå det fantastiske frisbeegolfmiljøet i Langevåg og Dan Kråkenes bidro med sal av diskar. Vegard Lødøen vann CTP-konkurransen der ein kjempa om å ha beste utkast på korg 6. Det blei også trekt ut vinnarar av diskar og Trond Knutsen, Fredrik Sælen, Linda Lødøen, Christian Swampillai og Anders Slinning var dei heldige. Finalen blei ein kamp mellom Langevåg og Valldal både om 1.plassen og 3.plassen. Valldalingane hadde ingen respekt for dei meir rutinerte frå Langevåg og drog i land den kampen. Richard Moen slo Robert Hammer etter eit nervepirrande omspel på korg #1 og Lars Tomas Håseth sikra tredjeplassen rett framføre Anders Slinning.

Resultatliste frå Vårslepp 2015

Finalegjengen i godt humør.

Finalegjengen i godt humør.

Robert kastar frå utkast nr.2 i finalen (#15).

Robert kastar frå utkast nr.2 i finalen (#15).

Lars Tomas kastar trygt gjennom trippelmando på tredje finalehol (#17).

Lars Tomas kastar trygt gjennom trippelmando på tredje finalehol (#17).

Finalegjengen på siste hol (#18).

Finalegjengen på siste hol (#18).

Richard puttar for seier etter omspel på korg #1.

Richard puttar for seier etter omspel på korg #1.

Pallen: F.v. Lars Tomas Håseth (3.plass), Richard Moen (1.plass) og Robert Hammer (2.plass).

Pallen: F.v. Lars Tomas Håseth (3.plass), Richard Moen (1.plass) og Robert Hammer (2.plass).